Artikkelen er tidligere publisert i Norge Er Vårt nr. 2-15.

gule sprengstoffNår raude-journalistane i media lagar reportasje om debatten i høve innvandringa til Norge, nyttar dei ofte sjølvutnemnde ekspertar på «høgreekstremisme» når til dømes FMI (Folkerørsla Mot Innvandring) vert omtala.  Lars Gule, Øyvind Strømmen og Tore Bjørgo har vel vore av dei mest brukte i slike høve.  Dei har det til felles at dei meiner  den største faren for å øydeleggje freden og fridomen i landet – er nasjonalistar som oss i FMI som arbeider for å bevare nasjonalstaten og føre ein svært streng innvandringspolitikk.

Ein av desse som media brukar hyppig som såkalla ekspert på «høgreekstremisme» og «islamisme» er Lars Gule.  Han vart sjølv arrestert i Libanon i 1977 med spengstoff og fenghette i bagasjen.  Det var hatet mot Israel var drivkrafta bak terrorplanen.  Grunnleggjande holdningar i ungdommen er som oftast noko som følgjer ein person for resten av livet.  Så det spørst om ikkje Gule har hatt mest til felles med radikale ungdommar som i dag reiser til Syria for å slutte seg til terrororganisasjonen, IS (Den islamske stat).  Han preikar om hatefulle ytringar når vi uttrykkjer von å berge landet frå ei komande katastrofe, men det er tydeleg at han sjølv er full av hat mot store delar av det norske folk.

På den venstreekstreme nettsida vepsen.no hevda han at det er Frp som har skulda for aukande muslimsk ekstremisme, og i same slengen skuldar han Frp for framveksten av terroristen A. B. Breivik.  Storsamfunnet har ikkje teke godt nok i mot muslimane og forsøkt å inkludere dei, hevdar han.  Realiteten er at muslimar flest ikkje ønsker integrering i vestlege samfunn og inspirasjonen til terror og vald finn dei i den muslimske læra og Koranen.  Gule hevda at Breiviks handlingar sprang ut i frå eit meiningsfellesskap han deler med mange andre.  Dermed ser han for seg mange fleire potensielle mordarar og terroristar på høgresida i samfunnet.  Det er mest realistisk å tru at Breiviks handling sprang ut i frå personleg galskap, fram-provosert av styresmaktene sin lemfeldige innvandringspolitikk og media sin einsidige propaganda for innvandring.

I regi av Oslo fylkeslag av Human-Etisk Forbund har Gule leia eit nettverk som skal kjempe mot netthat og ekstremisme – sjølvsagt mest retta mot høgresida.  Og han har også leia kurs om korleis ein skal oppføre seg på nettet.  Men han vart sjølv kasta ut av Vårt Lands verdidebatt.no – nettopp på grunn av dårleg oppførsel.  Det er utruleg at denne mannen har tittel som førsteamanuensis og forskar på Høgskulen i Oslo og Akershus med ekstremisme, fleirkultur og islam som spesialfelt – og vert nytta nærmast som eit mikrofonstativ i media.  Det hadde vore betre om han miste professortittelen.

Magnar A. Bakke
Eid, 4.10.15