Firda avishusAvishuset Firda. Foto: Wikimedia Commons.

Norvald Aasen har skrive ein kommentar til ein artikkel i avisa Firda i Sogn & Fjordane som omhandla ein gjeng med SVarar og andre kommunistar som gjennom fleire tiår har «løyst verdsproblem» på ein kafé i Førde. Her sprer dei eder og galle og ynskjer død over bl.a. USAs president Donald Trump. At gamle kommunistar ikkje har betre vit er forståeleg, men når ei avis som er sponsa av Det norske folks skattepengar støttar opp om slikt, må det vere lov å stille spørsmål. Som vi i FMI veit av erfaring har demonisering av meiningsmotstandarar framsatt gjennom media ofte ført til voldelige handlingar utført av statsunderstøtta pøbel.

"Herr redaktør: To sider i Firda den 2. januar 2018 fortel om Solbergs gjeng (ein gjeng med kommunistar red. anmrk.) på Olefine kafé i Førde som har løyst verdsproblem gjennom 35 år. Ikkje rart at det går utfor bakke med det meste på kloden! Ved bordet vert det m.a. sagt at dei håpar Trump får eit infarkt. Kva forhold har denne personen, og dei andre rundt bordet, til Trump anna enn den årelange hetsen og negative propagandaen som media iherdig har pumpa utover folk og land?

Som Helge Lurås sa det eingong: Media har kasta alle hanskar når det gjeld omtale av Trump. At slike bordsetnadar, som Firda refererar frå, har som ynskje at menneske som dei ikkje likar må få innfarkt er stakkarsleg, men at Firda vidareformidlar slikt slarv er ikkje stort betre. Kanskje er ikkje den raude hjartevarmen og medmenneskelegheita så overveldande som vi har vorte opplærde til å tru?

Personar som har opplevd at menneske har døydd mellom hendene av infarkt, nærer ikkje slike groteske ynskjer for korkje vener eller uvener."

NB: Firda har sjølvsagt ikkje teke inn artikkelen frå Aasen.

aasenNorvald Aasen
Kvammen, 7.1.2018