Ope brev til Erna Solberg, statsministerens kontor.

solbergEg las på internett i dag 2. mars at du vil kaste Ungarn sin Statsminister Orban ut av Europa-samarbeidet. Er du ein diktator, Erna Solberg, som meiner du har rett til å avgjere kven som skal vere leiarar i andre land? Viktor Orban forsvarar sitt folk og sitt land! Det vil eg hevde at du Erna ikkje gjer! Ungarn har levd under kommunismen i 50 år og veit kva undertrykking denne politiske galskapen og vanviddet inneber. Ungararane har truleg fått nok av å måtte bøye nakken for framande herskarar, dei ønskjer truleg heller ikkje deg, Erna, saman med Merkel og Macron som nye diktatorar.

Eg er gamal nok til å hugse då Sovjet slo ned folkeopprøret i landet i 1956. Det hugsar ikkje du Erna. Og det bryr du deg truleg heller ikkje om?

Eg vil også fortelje deg at då du under medaljeseremonien i Seefeld den 1. mars d.å. inntok podiet for å dele ut premiar til stafettlaga syntest eg den norske toskeskapen hadde strekt strikken altfor langt for meg. Dermed slo eg av TV-en før du var ferdig. Kanskje får omverda eingong nok av den «norske» sjølvgodheita og toskeskapen? Men dei orkar det vel så lenge det finns oljepengar att til utdeling i den vide verda.

Norvald Aasen
Askvoll, 13.3.2019