Ope brev til Erna Solberg, Regjeringa.

asylbarnIS-born. Er det trygt å sleppe desse avleggarane fritt rundt omkring i norske barnehager og skoler? Foto: Wikimedia commons.

På Dagsrevyen sin pressekonferanse om IS-barna den 3. juni 2019 seier du at Regjeringa "hentar tilbake til Norge" fem born av IS-foreldre. I denne samanhengen må du venligst svare på nokre enkle spørsmål frå meg.

Når du seier at Regjeringa "hentar tilbake til Norge" desse borna så oppfattar eg det som at desse borna har vore fødde, og opphalde seg i Noreg, før Syria-opphaldet. Er dette rett, og snakkar du som statsminister sant her?

Eit spørsmål til er om du har spurt folket om du skulle få lov til å hente til Norge avleggarar frå IS-krigarane sin ideologi, eller har du berre støtta deg på KrF, Venstre og eindel andre venstreside-politiske organisasjonar og parti, som Raude krossen, Redd barna og andre parti på ytste venstresida? Vil du, Erna Solberg stå ansvarleg for mogelege negative fylgjer av å plante fleire IS-avleggarar i landet? Truleg finnes det slike frå før i Norge. Folkemeininga i ei slik sak burde ikke målast av kjende meiningsmålingsføretak som svært mange ikke har tiltru til. Her er det folket som burde avgjere og du kunne fått råd frå folket ved haustens val.

FMI drives av ren idealisme, uten statlig økonomisk støtte! Støtt FMI økonomisk: Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995.

Svært mange oppfattar det norske politiske systemet som meir totalitært enn demokratisk. Eg er ein av dei!

Eg krev at dei to somaliske systrene som vert omtala i kveldens reportasje ikke har noko framtid i Noreg, men at dei vert sende til Somalia om dei skal ut av Syria. Dei og deira familiar høyrer heime der. Mogelege norske statsborgarskap må inndragast!

Eg vil ha svar frå deg på dette brevet og vil ikkje godta innhaldslause standardsvar. Din utanriksminister si deltaking i nemde pressekonferanse vel eg å ikkje kommentere. Frå det haldet er det ikke anna enn forventa.

aasenNorvald Aasen
Askvoll, 5. juni 2019