sjeggbarnEksempel på barn med sjegg. Printscreen islamnett.com

Artikkelen er eit tilsvar til Hulda Holtvedt, som er talsperson for Grønn Ungdom.

Vi står overfor ei krise. Migrasjonskrisa, som vil rive i filler alt vi har kjært. Velferda. Samhaldet. Og klima. Så eg vart glad og oppstemt da du stod fram i Aftenposten og sa at «Klima er den viktigste saken og må være fundamentet for all annen politikk.» Men meiner du det?

Noreg har opna for ein endelaus straum av innvandrarar, snart overstig det ein million og meir skal det bli. Det tek aldri slutt. Du og partiet ditt meiner at tempoet i innvandringa ikkje går hurtig nok. Men korleis forsvarar du masseinnvandring, når klima er viktigast?

Pakistanarar, afghanarar og somaliarar er gode på klima, når dei blir verande i eigne land. Der er utsleppa deira låge. Men så vil du Hulda og dine partifellar ned til Lesvos og hente skjeggbarn frå Afghanistan. I Noreg blir skjeggbarna vandrande utsleppsbomber, 9 tonn karbondioksid kvar, nett som oss. Men likevel refsar du Ropstad for å sleppe inn for få. Er då klima viktigast?

Vidare seier du at kvinnekampen må kjempast, og om kvinnekamp betyr at kvinner skal få leve trygt og godt er vi hjartans einige. Det er hjarteskjærande å lese om kvinner som får livet øydelagt. Det må stoppe. No. Og første tiltak er å slutte importere valdtektsmenn, og begynne eksportere dei. Og så må vi slutte å gi statsborgarskap, sånn at vi ikkje får sendt dei i retur. Er du med meg? Ikkje? Så seier du at vi må snakke meir om korleis stanse pandemien. Einig. Men om eg kviskrar deg i øyret kven som spreier mest smitte, kva seier du da? Å nei. Det vil du ikkje høyre. Du vil seie høgt at du er opptatt av klima, kvinnekamp og pandemi. Men eg har ei djup kjensle av at du gløymer alt slikt når «fundamentet for all annen politikk» dukkar opp, nemleg å halda fram masseinnvandringa.

Til slutt. Til deg, kjære lesar. Om du har lyst å skrive noko ufint til Hulda, ikkje gjer det. Skriv heller noko fint til oss, som at du blir med i FMI. Ingenting vil gjere oss gladare.

Gjesteskribent