polens parlament red wikimedia commons

Polens parlament. Foto: Wikimedia Commons (CC BY-SA 3.0 pl)

Polen er eit fyrtårn i Europa for å verne nasjonen mot framande inntrengjarar under dekke av å vere asylsøkjarar. Og dei trassar truslar frå EU- kommisjonen om overnasjonal styring i innvandringspolitikken.

Parlamentet i Polen har godkjent ei ny lov som skal stoppe emigrantar på grensa. Styresmakta skal heller ikkje handsame søknader om asyl frå emigrantar som har teke seg ulovleg inn i landet. I følgje den nye lova må ein utlending som blir stoppa etter å ha kryssa grensa ulovleg, forlate polsk territorium. Personen får også forbod mot å kome inn i landet i ein periode på mellom seks månader og tre år. Polen gjev dermed blaffen i EU slik dei føreskriv asylretten, der personar på eige initiativ kan ta seg inn i eit land og krevje asyl. Parlamentet i Polen godkjende også å byggje ei solid grensesperring mot Kviterussland for å stoppe inntrengjarar. Grensesperringa er berekna til å koste ca. 353 millionar euro, (ca. 3,5 milliardar norske kroner).

FMI drives av ren idealisme, uten statlig økonomisk støtte! Støtt FMI økonomisk: Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995. Medlemskap i FMI kr 300,–.

På ein pressekonferanse leia av den polske innanriksministeren Markus Kaminski den 27. september handla det i hovudsak om situasjonen ved grensa til Kviterussland der emigrantar freistar å krysse grensa. Den polske nyheitskanalen TVP følgde pressekonferansen. Der vart det mellom anna presentert bilete frå beslaglagde mobiltelefonar som emigrantar hadde med seg. Sitat frå innanriksministeren: “Dette handlar ikkje om å stigmatisere nokon, det handlar om fakta som syner kven som pressar seg mot grensene våre. Vi må dele desse funna med offentlegheita.” Grundig etterforsking synte at om lag 25 prosent av dei illegale emigrantane hadde farlege forbindelsar og deltok i ulovleg aktivitet. Det vart funne bevis for forbindelsar til terrororganisasjonar, alvorleg kriminalitet og smugling. Mange av emigrantane synte seg å ha langvarig tilknyting til russisk territorium, og under avhøyr prøvde dei å skjule sin identitet og informasjonen dei gav var stort sett basert på løgn og bedrag.

Av bileta som vart funne på emigrantar sine minnekort i mobiltelefonar vart det blant anna funne halshogde hovud, pedofili, sodomi og terrortrening i islamsk regi. Dette var altså menneske av den verste tenkelege sorten som freista å søkje lukka i Polen.

Abonnement Norge Er Vårt kr 120,–. Enkeltnummer kr 65,–. Kontonr.: 0530.40.68169.

Polen har bestemt at deira land ikkje skal verte ein fristad for rekande fant, og seier nei til multikultur som grev fundamentet under nasjonen. Det spørst om dei lyt ta ein “brexit” frå EU for å bevare sjølvråderetten?

(Artikkelen er saksa frå Norge Er Vårt nr. 2-2021.)

Magnar A. Bakke