header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

fridtjof_nansenI år vert det markert at det er 150 år sidan Fridtjof Nansen (bildet t.v.) vart født, og at det er 100 år sidan Roald Amundsen nådde Sydpolen.  I dette høve er det fleire som meinar å ha argument for å liberalisere asyl- og innvandringspolitikken.

Det er i ”Nansens ånd” at fleire av dei som søkjer om opphald her i landet, må få bli.  Dette vart sagt som ei støtteerklæring til  Madina Salamova (Maria Amelie) sit krav om opphald i Norge. Biskop Kvarme var ein av dei.  Nansen sin måte å hjelpe flyktningar på hadde lite eller ingenting til felles  med dagens norske asyl/innvandringspolitikk.  Nansen henta ikkje flyktningar til Norge.  Hans store oppgåve var å hjelpe flyktningar der dei var, for så å leggje tilhøva til rette for ”repatriering” - ikkje integrering i vilt framande kulturar.

På vegne av Folkeforbundet var Nansen si første store oppgåve å repatriere 450 000 krigsfangar som i lang tid etter at 1. verdskrig var over, levde i fangeleirar under elendige forhold på begge sider av jernteppet som skilde Russland og Vest-Europa etter den russiske revolusjonen.  I september 1921 kunne han melde til Folkeforbundet at oppdraget nesten var fullført.  447 604 krigsfangar frå 26 nasjonar var sende heim til sine familiar.

Under den gresk - tyrkiske konflikten i 1922 utførte Nansen ein av sine største bragder gjennom forhandlingar med dei to landa.  Grekarane hadde tapt krigen og 1.5 millionar grekarar som budde på kysten og øyane av Lille-Asia flykta i redsel for at tyrkarane kom på hevntokt.    Nansen hindra ei katastrofe  ved at han fekk på plass ei avtale der dei 500 000 tyrkarane som hadde busett seg i Grekenland (Hellas) flytta tilbake til Tyrkia, og dei 1.5 millionar grekarane flytta til Hellas for godt.  Denne repatrieringa vart ein suksess der dei to folkeslaga fann tilbake til sine land. Dette har vore med på å sikre freden i denne regionen i ettertid.

I fjor haust uttalte forbundskanslar  Angela Merkel at ”ideen om det multikulturelle samfunnet er mislukka i Tyskland”.  Den 5. februar i år gjentok den britiske statsminister David Cameron nesten det same i ein tale i München: ”Fleirkulturalismen  har feila - den er død”.  No har tydelegvis den europeiske makteliten også innsett at det ikkje lenger er nok pengar til å fylle opp i dei europeiske fattigkassene så dei kan ”sparkle” over sprekkene som raknar i det fleirkulturelle prosjektet.  Den europeiske makteliten (og media) har stødig styrt våre velferdssamfunn mot ein stygg nedtur, medan mange av dei som har protestert har blitt utsette for utskjelling og undertrykking.

Dei som  har tala varmt for den såkalla fargerike samfunnsmodellen, har i alle fall ikkje gjort det i ”Nansens ånd”.  Her er eit sitat av Nansen: ”Det å bringe saman så mange kulturar, religionar og språk på ein liten flekk, vil bli eit arnested for ufred og hat i framtida!”  Om Nansen hadde levd i dag, ville han truleg ikkje  ha støtta den norske asyl- og innvandringspolitikken.  Han hadde slege alarm!

Nansens ånd 090211

Sendt 12.2.11 til:
”Alle” norske aviser. Nasjonale aktivister.
Sendt tidligere til Sunnmørsposten og avisene i Nordfjord. Har komt på trykk i Sunnmørsposten og Fjordabladet.

Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 795 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015