Ope brev til NRK.

Det går ein serie på NRK no som kallast "Da vi styrte landet". Eg har berre sett brotstykker, og det er nok. Serien opplever eg som ein medviten provokasjon mot oss vanleg borgarar, vi som ser at landet vert øydelagd og avhenda.

Eg ville fyrst sagt til fru Brundtland at du styrde ikke landet, du øydela det, slik eg ser det! Eg kan vise til stortingsmelding nr. 74 frå 1979 og grunngi det i teksten der. Samstundes sto ho på barrikadane for lova om fri abort. Desse to tinga går ihop som hand i hanske. Fyrst ei lov som drep ned minst 15000 born av norsk ætt årleg. Dette har pågått i snart 40 år. De må gjerne summere dei årlege tapa av born og menneske med 40 år. Trivelege tal? Eit folklemord, synes eg! Dernest organisere ei framandinnvandring på tusenvis, også det årleg. Resultatet vert ei avhending av eit gamalt folkeferd som har levd i dette landet gjennom tusener av år, og som har heimstadrett til dette landet. Vår eiga ætt vert redusert litt etter litt medan det framande folket stadig aukar i mengde.

Så ynkar politikarane, som har vore med på denne udåden, seg over ei eldrebølge og mangel på arbeidskraft. Denne arbeidkrafta ligg i avfallsbøttene rundt om i helseinstitusjonane i Noregs land. Dette burde vere ei skam. Men slike instinkt som det å skamme seg har truleg ikkje fru Brundtland.

Vidare ville eg også klandre Bondevik som saman med fru Brundtland var drivkreftene for å lage EØS-grauten, den skulle få oss inn bakvegen til EU, og bak folket sin rygg. I høve til det ovanfor nemnde er ikkje Bondevik noko betre enn fru Brundtland. Dessutan burde han skamme seg over krigen mot det serbiske folk som han drog Noreg med på.

Eg krev at brevet mitt, i tråd med min ytringsfridom, vert gjort tilgjengeleg for aktørane i programmet de no plagar oss med. Den einaste av desse som slepp unna min kritikk er Kåre Willoch.

Då vi styrte landet 141117

aasenNorvald Aasen
Kvammen, 5.11.2017