header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Svar på Firda sin leiar den 16.7.13. På trykk i Firda 20. 7.

aasenPå Firda sin leiarplass den 16.07. 2013 kan vi lese at no går det rette vegen med masseinnvandringa og integreringa her til lands. Men er dette noko nytt? Er det ikkje denne propagandaen som avisene og resten av media gjennom alle år har velsigna oss bufaste med?
Etter at Statistisk Sentralbyrå (SSB) for ei tid sidan la fram ei analyse som ikkje innvandringslobbyen kjende seg nøgde med, så har dei no tydelegvis retta opp noko av «skaden» ved å legge fram eit nytt produkt som innvandringsfolka kan gjere seg nytte av. Slik er det vel vi har lært SSB å kjenne gjennom åra. Då eg sjølv for nokre år sidan tok kontakt med det same byrået, og Lars Østby, for å be om nokre tal i høve til innvandringsdebatten, så fekk eg tala eg var ute etter saman med forskaren si belæring: «Så det er ikkje så mange». Eg måtte då fortelje han at nett det skulle eg finne ut av sjølv.

For å ha sagt det, så har eg like lite tillit til den rapporten frå SSB som Firda gler seg over som til mykje anna dei har «forska» seg fram til når det gjeld masseinnvandringa til landet vårt.  
Der er eg nok på linje med «Frp sin høgreprofilirte innvandringskritikar Christian Tybring-Gjedde», slik Firda ordlegg seg.

Overskrifta på Firda sin leiar er «Fleire og fleire likar innvandrarar».

Dette er ei hjelpelaus vinkling. Motstanden mot ei masseinnvandring til vår vesle nasjon på berre 3,8 mill. nordmenn og samar gjeld vel ikkje om vi likar eller mislikar menneske av annan herkomst eller hudfarge. Det vi mislikar, og har åtvara mot, er ei utvikling som gjer at vi som nasjon og nasjonalstat er i ferd med å verte avvikla, og med tida vert ein minoritet i eige land. Dette er eit syn som dei fleste menneske på jorda deler, dei vil ha sitt eige, og om nokon trugar deira fridom og rett til eigen heimstad så reiser dei seg i motstand. Dette er nedlagt i dei fleste levande vesen, med unntak av globalistar og multikulturalistar. Desse likar ikkje nasjonar og grenser!

Dei fyrste teikna på at ein kultur er i oppløysing er danninga av multikultur som gradvis fortærer den gamle kulturen. Men det er dette dei ynskjer seg dei som ropar på meir innvandring og multikultur, og som Firda sin leiar er talerør for.

I dag viser det seg at Europa, og resten av Vesten, slit med den populismen som innvandringa har vore i visse kretsar, og som det nærmast har vorte rekna som kriminelt å agitere imot.

Når ein norsk gut nesten er den einaste i klassen mellom framandkulturelle i ein skule i Oslo, då er vel dette eit teikn på at integreringa går rett veg, skal vi tru Firda! Når noko galt skjer i klassen, peikar dei framande på den kvite guten, og lærarane, som politisk ofte ligg på SV og Raudt skalaen, er samde med elevane at det er den norske guten som er den skuldige. No er dette ei historie frå verkelegheita. Og dette er slik eg forstår Firda, endå eit teikn på at integreringa går rette vegen, og at stadig fleire likar innvandringa!

Men kvifor er det slik dei fargerike skinnheilage vil ha det? Jau, fordi guten lever i eit mareritt, og foreldra ikkje har krefter til, eller vågar å protestere! Då går integreringa rette vegen! Slik vert urfolket lærde til å innrette oss under det samfunnet som dei representerer desse som delar Firda og innvandringslobbyen sitt «prektige framtidssamfunn», der Kari og Ola berre vert minner.

Fleire og fleire likar innvandringa i fylgje Firda. Er det rart, då? Stadig fleire som ikkje er nordmenn er med i slike målingar. Når ein så spør ein innvandrar om han eller ho likar innvandrarar så er vel svaret gitt! Og til fleire dei vert dess større utslag gjer dei på målingane! Og det same gjeld ved val! Vi har ikkje lang tid att på oss!

Skal vi ha ny politikk må vi ha nye parti og nye politikarar, ikkje desse som skal vere mest mulig like kvarandre, og politisk korrekte. Difor røystar eg Demokratane ved valet!

Innvandringstatistikk frå Firda 220713


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 1761 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015