{jcomments off}Ope brev til statsminister Erna Solberg, H og finansminister Siv Jensen, Frp.
T.v.: Regjeringen Solberg. Foto: Thomas Haugersveen, statsministerens kontor.
Statsministeren har halde kaffekos med journalistane og fortalt om rikets tilstand. Siv og Erna har vore på kosetur til born med radarparet Trine og Knut Arild i fylgje. Det må vel vere litt rart, Erna, å vite at det er dei to som ikkje sit i Regjeringa som eigentleg styrer landet, eller la meg heller seie som vanstyrar landet?
Når eg ser desse opptoga med dei fire som visstnok skal vere så samkjøyrde politisk, føler eg det heller som det er dei to som ligg å vakar rundt sperregrensa som har Siv og Erna som gislar. Siv og Erna får ta belastninga ved å gjennomføre politikken til Venstre og Krf (og SV). For at alt skal sjå harmonisk ut for oss røystekveg går dei fire pent i spann framføre tv-kamera. Trine og Knut klarar likevel ikkje å skjule sine usmakelege flir vel vitande om at det er dei som vinn fram med politikken, og det utan å måtte ta skade av det ved neste val. Då er der Erna og Siv som får sitje i saksa, og aller mest Siv og Frp. Ved å utradere Frp vil dei tre andre truleg drage eit lettande sukk! Ingen burde vel tvile på at Frp eigentleg er eit hår i suppa hjå sine "samarbeidsparnarar". Ved neste opptog med gislar og gisseltakarar kan dei fire gjerne ha i tankane at ikkje alle rundt i dei tusen norske hytter og hus er idiotar!
Eg skal vere så høfleg at eg ynskjer Erna og Siv og deira partifeller ei God Julehøgtid og eit Godt Nyttår. Vi som ser land vårt vert framandgjort og avhenda ventar oss ikkje særs gode tider, anten det er Jul eller Nyttår! Ikkje er det vel nokon frå makt som har slike gode ynskje for oss heller?
Ope brev til statsminister og finansminister 241214
Norvald Aasen
Kvammen, 18.12.14