header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

- Ved eitt av høva hadde Klassekampen eit bilde frå ein demonstrasjon der fleire blitzarar sparka ei politikvinne som låg i gata. Klassekampen sin kommentar til bildet var denne: "Lønn som fortjent".

aasenAvisa Bergens Tidende (BT) harsellerar og latterleggjer ei gruppe som kallar seg Norwegian Defens League. "Eit skralt forsvar av Noreg", kommenterar avisa. Eit skralare forsvar av Norge enn det dagens statsmakt med media vil by oss er vel vanskeleg å tenke seg.

Ei liknande gruppe i England; EDL, skal visstnok ha vore involvert i valdsepisodar og ein person i gruppa skal jamvel også ha vore innom eit nazistisk nettverk i si tid, i fylgje avisa. Viss vedkomande hadde vore kommunist så hadde nok BT-pipa fått ein smukkare lyd.

Om English DL har vore involvert i ei rekke valdsepisodar så er ikkje det noko skilnad frå m.a. SoS rasisme og blitzmiljøet som har drive valdsepisodar gjennom mange tiår. Går vi tilbake i tida, til Englands tidlegare statsminister,  Margaret Thatcher og USAs forsvarsminister Weinbergers besøk i Norge, så hugsar vi blitz og Erling Folkvord i store og valdelege demonstrasjonar i Oslo. Ved eit av høva hadde Klassekampen eit bilde frå ein demonstrasjon der fleire blitzarar sparka ei politikvinne som låg i gata. Klassekampen sin kommentar til bilde var denne: "Lønn som fortjent".

BT bør klargjere om dei godtek og overser vald frå nokre miljø, medan dei skrik opp om vald i andre miljø. Vald skulle vel vere uakseptabelt som politisk ytring same kven som står bak? Og særs ille er det når vald vert nytta for å hindre og skade meiningsmotstandarar som freistar å gi til kjenne sine meiningar på fredeleg vis. Nett denne valden frå grupper på venstresida er svært vanleg, og er akseptert av makteliten og det aller meste av media i Norge. Er denne valden ikkje berre godteken, men også ønska i Norge?  

Kvifor er BT, til liks med resten av p.k.-media, i harnisk over at nokon protesterar mot ein oppløysing av vår nasjon og nasjonalstat som vert tvungen på oss utan vårt samtykke? Kvifor vender avisa BT folket ryggen i spørsmålet om nordmenns rett til eige fedreland? Om det hadde vore reell demokratisk fridom i Norge og resten av Europa, med rett for alle til å kjempe for det ein trur på, og at alle hadde vorte høyrde og aksepterte som meiningsberettiga menneske, så trong det ikkje vore vald frå noko hald. Men slik er det ikkje! I viktige samfunnspørsmål der statsmakta, herunder media, har bestemt kva ein kan meine og uttrykke er respekten for den enkelte sin rett til meinings- og ytringsfridom i verkelegheita borte.

Statsmakta, med bakgrunn i 68-ar generasjonen og AKP-ml, altså den politiske venstresida, har etablert og halde oppe valdsgrupper med forankring på si eiga venstreside for å skræme borgarane frå å ytre seg om saker som makteliten vil styre i si lei, om så gjennom diktatur! Akp-ml programfesta væpna revolusjon, den treng dei ikkje lenger, for i dag sit dei i alle styrande og avgjerande  posisjonar i vårt land. I si byrjinga var dei medskuldige i å øydelegge livet for millionar av menneske, og millionar måtte bøte med livet under tyrannar som desse norske raudegardistane heilhjarta støtta. I dag er det deira eige land, Norge, og resten av Vesten som skal omveltast og øydeleggast for all framtid. Deira psykologiske krig mot folk og fedreland synest å kunne lukkast, om ikkje folket vaknar og ser kanten av stupet før det er for seint.

Kvifor er BT med på valdtekten av sitt eige folk?      

Gjennom 25 år har eg hevda min motstand mot ei masseinnvandring som vil vere katastrofal for oss nordmenn og for Norge. Eg har grunna dette fått sett den venstreekstreme valden, telefonsjikane og ubehaget på nært hald. Likevel kunne eg ikkje sitje stille og likegyldig og teie, slik statsmakta, herunder media, ønskjer at eg skulle gjere.

BT og NDL II 031211

Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 3811 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015