header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

dahl“FIRDA” gjorde oss sist måndag (5/12) kjende med historielærar Asbjørn Geithus sine tankar kring Anders Behring Breivik og det han, ABB, sette i verk 22. juli. No vert det varsla at dei som har ytra meiningar som kan ha hatt innverknad på den karen skal verte dregne til ansvar – eg veit ikkje om noko av det eg har skreve dei seinaste 30 åra kan ha påverka han. Om det er so, bed eg ikkje om orsaking, eg er berre forbina – ikkje forbanna! – avdi ingen har teke slike verkemedel i bruk for lenge sidan. Sjøl var eg so provosert av tysk nærvær i landet mitt, og over dei nordmenn som slutta seg til dei, at eg i lag med to kameratar freista sprenge ein møtestad for tyske marineoffiserar og deira norske vertskap i lufta. Ladningane verka ikkje, vi vart tekne og sende til Vollan-fengslet i Trondheim etterjolsvinteren 1945. Avdi vi berre var 15 år vart vi ikkje skotne, ein annan ålesundsgut sat i “Tårnet” på Akershus og venta på å verte gamal nok, medan kameraten hans, som var endå yngre, havna i Sachsenhausen.

Men vi tre vart sende i kuvogn over Dovre i lag med om lag 50 unge heimefrontkarar frå Søre Sunnmøre, leidde av prosten i Volda og soknepresten i Ørsta – den tida var det tó og tæl i presteskapet vårt! Sicherheitsdienst hadde rulla opp milorg i “søre luten”, og vi vart drivne i upløyde gater gjennom mørklagde Trondheim, bokstaveleg tala med maskinpistolane i nakken. Framme i fengslet fekk eg dele celle med ein redaktør frå Røros og ein lærar frå Singsås – dei var norskdomsmenn, og ikkje skjemde av det.

Det var ikkje “rasisme” som dreiv oss, tyskarane vi freista å drepe var heilkvite europearar, for alt vi visste kristne, men dei var framande inntrengarar. Det er ikkje lett å gjere greie for det, om lesaren ikkje sjøl har fedrelandskjensle, det ligg i margen, og i hjartet, sume hevdar at det er særs utbreidd på Vestlandet. Ideologien til tyskarane var ikkje etandes, nett som det dei sokalla nye landsmenn kallar religion. Eg held islam for verre enn nasjonalsosialismen, kvinnesynet er opprørande, fanatismen likeso, og jødehatet like skræmande i begge dei to trusretningane.

Sjøl sat eg på Vollan til 8. mai, og slapp ut til ein trønderhovudstad i raudt kvitt og blått. Eg fekk være med då 3. bataljon av politisoldatane frå Sverike marsjerte over Elgesæterbrua med det norske flagget i spissen, og har sidan den opplevinga vore nasjonalist og norskdomsmann. Det har vore naturleg å slutte seg til kampen mot innvandringa, likeeins som eg heldt fram mi tilknytning til Forsvaret lenge etter plikttjenesten, heilt til trugsmåla frå kommunismen braut saman.

Det har laga seg slik at eg har fått sjå noko kvart av verda, og det eg har sett utanfor Europa har ikkje gjeve meirsmak. Det gjeld for eit og anna i  vår verdsdel óg, og verre har det vorte etterkvart som landa har vorte meir fleirkulturelle. Det er lenge sidan det var kviesamt å vitje storbyane i Europa, men kvart land får syte for seg, berre dei framandkulturelle held seg ute av Noreg. Eg er samd med ABB, jamvel om eg ikkje planlegg å nytte same verkemedel for å syne kva eg meinar om inntrengarene og deira norske støttespelarar, og om  innvandringslobbyen som tykkjer Noreg ikkje kan få nok framandkultur.

Eg har nytta dømet før, men ikkje i “Firda”, eg tek sjangsen på resirkulasjon: Utanfor Parlamentet i London er det reist ei statue av drotning Boadicea, som leidde engelskmennene (keltarane) i kampen mot dei romerske inntrengarane. Winston Churchill, den fremste statsmannen i det 20. hundreåret, skriv at ho skal minne oss om at eitkvart folk har rett og plikt til å verge landet sitt med alle medel, og med ytterste strengheit straffe dei landsmenn som har varma seg ved inntrengarane sine leirbål. Ho lét dei millom anna krossfeste.

Eg har ikkje tenkt å gå so langt, men eg krev den same retten til å verge landet vårt, og dei som freistar hindre oss, gjennom lovgivning eller med vald, held eg for landssvikarar.

Geithus 061211

Sendt avisa Firda (Sogn & Fjordane).

Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 220 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015